Vi har snart lagt bak oss eit heilt år der coronaen har øydelagt mykje for barn og unge. Som De sikkert hugsar fekk Stryn tildelt BTS2020 og vi gjorde oss den gang klare for gjennomføring av stemnet i april 2020. Corona øydela alle planan våre og all aktivitet vart lagt ned.
Gradvis utover hausten 2020 byrja så smått landet å kome på føtene igjen og trua på eit BTS2021 med Styrn som arrangør vart på nytt eit tema. Stryn Turn har hatt møte med kommunelegen i Stryn om dette. Legen seier at han frårår på det stekaste å tru at eit stemne i vår storleik er gjennomførbart før tidlegast juni 2021.
Dette skapar vanskar for Stryn og heilt sikkert fleire klubbar i fylket. Vi har ikkje turn om sommaren og når hausten kjem er vi knapt begynt på treningane igjen. Vi har difor sendt søknad til kretsen om å arrangere BTS2022, april 2022.
Vi trur at det er lurast å få landet på skinner igjen før det er aktuelt å samle så mange barn og unge frå vårt store geografiske område. Stryn Turn har ikkje fått bekrefta at april 2022 er ok. Vi gjev lyd på denne sida så snart vi veit meir.
alfateam.no