STRYN BTS 2020 - U T S E TT !!!
STRYN BTS 2020 - U T S E TT !!!
Stryn Turn har gleda av å invitere til barneturnstemne for Sogn og Fjordane den 25. – 26.
april 2020.
Stemnet vil gå over 2 dagar, med oppvisning laurdag og søndag. Vi håpar på ei fin helg i Stryn
med turngrupper frå heile fylket!
Under BTS2019 vart vi utfordra av kretsen til å tenkje nytt ang gjennomføring av
oppvisningane. Dette for å redusere oppvisningstida og gjere det meir publikumsvenleg.
Stryn Turn har difor bestemt at på det komande barneturnstemne vil vi ha oppvisningar med
ulike tema, der alle aldrar frå same lag/turngruppe skal vere på golvet samtidig og ha ei
felles oppvisning. Alle lag må difor sy saman eit program innanfor eit tema der turnarane
framleis skal vise kva dei kan gjennom turn, tumbling, apparatturn, dans etc.
Kor lang tid ein får til rådigheit for si oppvisning, kjem an på kor mange turnarar laget stiller
med. Dette vil vi kome tilbake til når ein ser kor mange påmelde det blir frå kvart lag.
Døme på tema: Løvenes Konge, Frost, Cowboy, Indianar, Hawaii-tema, Cats, 80-tals-tema,
Disco, Blues Brothers etc etc. Det er kun fantasien som set grenser. De kan velgje av det vi
har lista opp her, eller finne på sjølv. Ta kontakt med Stryn Turn dersom de treng hjelp til
dette.
Stryn Turn har valgt å vere piratar/sjørøvarar.
Vi ser fram til dykkar påmelding og til å sjå dykk i Stryn på BTS 2020.
Sportsleg helsing
Stryn Turn
60 turnarar og 15 vaksne.
221 turnarar og 30 vaksne.
ca 40 turnarar og 15 vaksne.
ca 90 turnarar og 10 vaksne.
101 turnarar og 30 vaksne.
44 turnarar og 15 vaksne.
ca 100 turnarar og ca 30 vaksne.
30 turnarar og 6 vaksne.
ca 45 turnarar og ca 10 vaksne.
ca 45 turnarar.
alfateam.no